søndag 22. november 2009

Jakt!

Jakt er ein viktig ting her i området. Denna veka starta jaktsesongen, så nå er det fleire hundre elvar på skulen som ikkje møtte opp fordi dei er ute på jakt.

Skuleplanen blir heilt forandra på grunn av detta, ingen lekser, prøver eller innleveringar før etter thanksgiving! på fredag var det dress-up day for dei som skulle på jakt. Så det var fullt i folk kledd i oransje og allslags kamuflasje kler.


Ein i klassen som allerede har skutt årets første hjort.


Så... Thanksgiving break på tirsdag, reise til Iowa onsdag måren og blir der i nåken dagar :)

sjåast!

onsdag 18. november 2009

Dave the horn guy

liten oppdatering...

Soccer banquet forrige søndag, så nå er fotballsesongen heilt slutt!


så kom "Dave the horn guy" fra Americas Got Talent på skulen vår igår og hadde et times langt show. merkelig fyr, men underholdande.
http://www.youtube.com/watch?v=p6ENv039yOI&feature=related

Early Release fra skulen idag, så dagen har gått til bowling og kino (paranormal activity)...

ååå Gratulera med dagen lillebror! Florian 9 år, begynne å bli stor gutt.


me bloggast!

fredag 13. november 2009

Bombetrussel

Igår kveld blei det funne bombetrussel mot skulen der det var ein fyr som hadde skreve at han skulle spenga skulen og skyta alle idag Fredag den 13. eller nåke sånt... Detta blei funne på veggen i ein av toaletta.

Så idag var det politi på skulen og elevar og lærarar som ikkje møtte opp på grunn av detta.

Sjøl om det er bra di tar ting alvorligt, var det nok bare ein som kjeda seg på dass, for nåke massakre var det ikkje.

torsdag 12. november 2009

Next term!

Så va det nye klassar igjen og 1/4 av skuleåret e forbi! idag har eg vore her i 3 månedar!

Nye klassane er:

-Pre-calculus
-Economics
-Study hall (Einaste klassen som ikkje var full i 3 time, så eg fortsette altså med 2 timar arbeidstime kvar dag :/ )
-Winter team sports


Norsk dag i siste markedsføring time. Lefser med stratos...

Her har du klassen samla for siste gang, før NHL kampen me skal på i minnesota 21 desember:)

Og ja, så var det snart helg igjen! Gledeseg...

mandag 9. november 2009

Skjer med at det har vore opp mot 20 grader dei to siste dagane?

tirsdag 3. november 2009

Videoblogg uten ord!

her har du ein liten film fra idag... ikkje nåke snakking eller nåke. litt fra skulen og turen til og fra! :)

http://www.youtube.com/watch?v=Mvh_kApEuqg&feature=youtube_gdata

og kommenter om du faktisk gidde å klikka deg innpå bloggen...

søndag 1. november 2009

Halloween!

Baaah, utslitt, Halloween helga va fun!

Rimelig trøtt nå etter alt for lite søvn, så får heller legga ut litt fleire bilder istedenfor! men altså, dress up day på fredag. Synd eg ikkje tok med kamera. Masse rare folk å ta bilder av!

Så tok me turen til Iowa i helga for å se på Iowa Hawkeys mot Indiana. jeey 7 timar kjøring kvar vei, men det var verdt turen. For ein kamp! 80 000 feststemte folk på stadion kan jo ikkje slå feil.




I need tickets!






Tailgaiting før kamp!













Så var det trick or treat for ungane lørdagskvelden. Eg var ikkje heima, men det var vissnok rundt 400 ungar som kom på døra i løpet av kvelden. Komme flest ungar her i nabolaget for folka her gir vissnok dei største "candybar-ane", haha.






Vakkert!



Ellers går ting fortsatt topp, alltid nåke og finna på og blir fortsatt kjent med nye folk heile veien.


gangster søstre!

og ja... har vore mange bankran i så og sei alle bygdene rundt Rice Lake dei siste to vekene. Denna helga gjekk det gale og fleire folk blei drept, blant aent ein av ranerane. mens det blir sagt at han andre har gjømt seg i Rice Lake ein plass!


Men ja, snakkest! Videoblogg neste??