Igår var eg og vertsmor på High School-en for å få faga mine for dei første 50 dagane og så var det ein fra fotballaget som viste meg ka rom eg skulle ha ka fag.
I forhold til Sauda Vidaregåande er skulen Stooor!
Skuleåret er delt opp i 4 periodar og 4 forskjellige fag kvar skuledag. I første periode har eg: Markedsføring dei første 90 minutta, "avansert matte" dei neste 90, fritime der eg kan gjør lekser som mitt 3 fag og 90 minutt "outdoor team sports" som mitt 4 fag. Dessa 4 faga skal eg ha kvar einaste skuledag dei neste 50 dagane! got it?
Igår var me eindel ungdommar som gjekk til ein mexicansk resturant nedi byen for å eta lunsj før trening! :)
Og tilbake til fotballen, nå trene eg bare med a-laget og i dag hadde me viktig hjemmekamp mot Aeu Claire som er ein masse større by enn oss. tidligare har Rice lake tapt 10-0 osv mot laget. Dei vant i dag og, 2-0, men fekk i alle fall motstand og Coach var veldig fornøyd med kampen :)
Når me ser vekk ifra resultatet var det ein topp kamp. Fekk masse speletid, fleire hundre (!!) folk som kom å såg på oss, stor tavla der tida + restultate viste, ballhenterar som var leigd inn, opprop av spelerane over høgtalarane, nasjonalsangen før kampstart og i tillegg må folk betala for å se på kampane våre! Woaa, det er stort for meg som ikkje har trent fotball på fleire år!
Stadion med high school i bakgrunnen nåken minutt inn i kampen før det blei fullt skikkelig opp! :)
Snakkest!